fredag 9. mai 2014


Korleis kan skuleleiarar legge til rette for og engasjere seg i lærarar si læring?

For mange av dei som ikkje har sitt arbeid i  skulen, kan sikkert dette høyrest rart ut. Treng ein organisere lærarar si læring? Er ikkje det noko ein bør forvente at dei som er pedagogar klarer på eiga hand?

Vel, nå er nå lærarar akkurat som andre folk vi treffer både her og der. Vi treng alle både å bli utfordra på ting, lære nye måtar å gjera ting på og at det blir rydda tid og skapt motivasjon for ny kunnskap og læring. Ein pedagoghjerne er slik sett ikkje annleis ihopsett enn til dømes ein rørleggjarhjerne, ein helsefagarbeidarhjerne eller hjernen til ein skuleelev.

I eit foredrag PPT i Nord-Gudbrandsdalen heldt for personalet på min skule no i vår, vart det sagt at:  Motiverte elevar har lyst til å lære, er uthaldande og nysgjerrige og syner evne til å arbeide målretta. Erfaring med å meistre styrkar uthald i medgang og motgang. Og slik er det for lærarar også! Vi treng motivering og meistring for å skape god læring. Men, motivasjon er ikkje nok. Det må også ryddast tid til læring, for ellers så vil det lett drukne i daglege gjeremål og drift knytt til alle dei oppgåvene ein lærar har. Og det er her skuleleiinga kjem inn i bildet – det er vår oppgåve og legge til rette for lærarar si læring, samt motivere for dette arbeidet. For å skape motivasjon, må vi også nødvendigvis vera engasjert og interessert i lærarane si læring.

Skulane i Vågå har dei to siste åra hatt stort fokus på IKT som eit naturleg arbeidsreiskap i det daglege arbeidet til både elevar og lærarar. Alle elevane ved Vågå ungdomsskule har kvar sin PC som dei skal bruke på skulen og til heimearbeid. Vi har mellom anna teke i bruk OneNote som er ein form for digitale ringpermar, og det har kome interaktive tavler i alle klasserom. OneNote gjer det mogleg å opprette og arbeide i digitale ringpermar. Desse permane kan ein også dele med andre etter behov for å til dømes dele informasjon, samskrive i dokument og levere inn oppgåver. Her kan også mellom anna lærarane leggje ut lydfilar til elevane, skrive eller lese inn kommentarar til innleveringar og legge ut instruksjonsvideoar for å til dømes vise konstruksjonar i matematikk.

For å kunne nytte OneNote måtte både lærarar og elevar ha ein del opplæring. Hjå oss vart dette gjort både gjennom å hyre inn ekstern ekspertise, lære opp enkeltpersonar på eigen skule som skulle rettleie og hjelpe dei andre og ved å bruke ein del fellesmøte og planleggingsdagar til opplæring i OneNote og bruk av dei nye tavlene. Det skulle vise seg at kanskje den største utfordringa her, var å halde oppe motivasjonen for å bruke dette over tid, da det har vore, og framleis er, ein del tekniske utfordringar som har ført til mange frustrasjonar og mykje tidsbruk for å få ting til å fungere. Det har teke mykje lenger tid enn forventa å få ein del av dei nødvendige tekniske løysingane på plass. Noko som vel heller ikkje er noko ukjent fenomen!

Når det gjeld innføring av omfattande bruk av IKT i skulen, er det noko det er delte meiningar om i samfunnet. Alt frå dei som helsar det velkomen og meiner dette er ein naturleg del av utviklinga vi ser ellers i samfunnet, til dei som meiner at alle PC-ar i skulen for det meste burde vore innelåst i eit skåp. I dette spenningsfeltet mellom optimisme og skepsis med hensyn til teknologiens plass i utdanningen skal skoleeiere og skoleledere omsette den ambisiøse utdanningspolitikken til praksis. (Andreassen, Irgens og Skaalvik, 2009, side 71/72)

For å få til dette, har vi i leiinga måtta legge til rette for innlæring av ny kunnskap, organisere aktivitetar som fremjar læring og hente inn ekstern ekspertise ved behov, mellom anna PedConsult. Vi  har hatt fokus på å  både støtte, utfordre og involvere oss i dette utviklingsarbeidet. Dette går på det som Anne Berit Emstad prata om i sitt foredrag på 4. samling – å integrere teori og praksis. (Emstad, Ledelse for læring, 26.03.14) Denne innføringa av IKT ved vår skule, har vore så omfattande at det har medført at vi også dels har måtta tenke nytt når det gjeld undervisnings- og læringspraksis. Noko som nok også har vore utfordrande for mange av lærarane sitt pedagogiske grunnsyn. Både på grunn av kanskje manglande tru på at teknologien kjem elevane si læring til gode, og manglande innsikt i korleis ein kan utnytte teknologiens pedagogiske potensial. Forsking viser at elevane sitt læringsutbytte ved bruk av IKT er avhengig av at ein utnyttar potensialet til teknologien i læringsprosessar som til dømes legg vekt på konkretisering, kreativitet og produksjon. (Andreassen, Irgens, Skaalvik, 2009, s.73)

I ein slik prosess, er det heller ikkje nok at det blir sett av nok tid og ressursar. Lærarane må også ha ein vilje til å lære. Det opplever eg at dei har hatt i dette arbeidet ved vår skule, sjølv om det sjølvsagt har variert kor raskt eller seint den enkelte har fått teke dette i bruk på ulike område i undervisninga. Det å få hjelp av «mer kompetente andre» har vore ein viktig faktor i denne læringsprosessen. Mer kompetente andre kan i denne sammenhengen være kolleger, eksterne lærere eller andre ressurspersoner. (Postholm, 2012, s. 44) I ein studie nederlandske forskarar har gjort, viser funn at lærerne opplever det å eksperimentere i egen praksis, å reflektere over egen praksis og å få ideer fra andre som læringsfremmende aktiviteter. (Postholm, 2012, s.30) Dette stemmer godt med erfaringar vi har gjort i dette utviklingsarbeidet ved vår skule. Mellom anna opplevde vi det som nyttig å bruke ein heil planleggingsdag der kollegiet var delt i tre grupper og vi hadde tre stasjonar alle gruppene skulle innom. Her fekk dei ei stutt innføring i tre utvalte emne av kollegaer som meistra det godt og fekk praktisk prøve det ut i ei mindre gruppe. Det å lage permar og organisere dei, bruk av Lync og dei nye tavlene  var ferdigheiter alle fekk prøvd seg på i løpet av dagen.

I denne prosessen har det vist seg å vera viktig å ha felles visjonar om korleis vi vil ha det, og  ha tålmod og forståing for at vi tileignar oss nye ferdigheiter i ulikt tempo. Samstundes har det også vore viktig at leiinga har ytt eit visst press, slik at dei som synest dette var veldig utfordrande ikkje fekk bli verande i komfortsona for lenge utan å koma i gang. Ein må prøve for å oppleve meistring, og med meistring aukar truleg motivasjonen for å prøve ut og bruke dette verktyet på fleire måtar. Målet er å stadig vera i prosess!!

 

 

tirsdag 25. mars 2014

I dag har eg høyrt om det å leie lærarar si læring, og korleis dette kan føre til auka læring hjå elevane. Det var interessant og lærerikt. Forelesinga om prosjektarbeid, gav meg ein del konkrete tips for korleis ein på ein god og ryddig måte kan drive ein slik prosess framover.

Så, ja, eg vonar dagen i dag har ført meg litt lenger framover på vegen mot det å bli ein betre skuleleiar. Og kanskje må eg drive litt endringsleiing retta mot meg sjølv også!!


onsdag 29. januar 2014

Eg - ein bloggar??

Dette blir litt slik: Helen gjer ting ho ikkje kan, og heller ikkje har hatt nokon stor draum om å gjera.