Korleis
kan skuleleiarar legge til rette for og engasjere seg i lærarar si læring?
For
mange av dei som ikkje har sitt arbeid i
skulen, kan sikkert dette høyrest rart ut. Treng ein organisere lærarar
si læring? Er ikkje det noko ein bør forvente at dei som er pedagogar klarer på
eiga hand?
Vel, nå er nå lærarar
akkurat som andre folk vi treffer både her og der. Vi treng alle både å bli
utfordra på ting, lære nye måtar å gjera ting på og at det blir rydda tid og
skapt motivasjon for ny kunnskap og læring. Ein pedagoghjerne er slik sett
ikkje annleis ihopsett enn til dømes ein rørleggjarhjerne, ein helsefagarbeidarhjerne
eller hjernen til ein skuleelev.
I eit foredrag PPT i
Nord-Gudbrandsdalen heldt for personalet på min skule no i vår, vart det sagt at:
Motiverte
elevar har lyst til å lære, er uthaldande og nysgjerrige og syner evne til å
arbeide målretta. Erfaring med å meistre styrkar uthald i medgang og motgang.
Og slik er det for lærarar også! Vi treng motivering og meistring for å skape
god læring. Men, motivasjon er ikkje nok. Det må også ryddast tid til læring,
for ellers så vil det lett drukne i daglege gjeremål og drift knytt til alle
dei oppgåvene ein lærar har. Og det er her skuleleiinga kjem inn i bildet – det
er vår oppgåve og legge til rette for lærarar si læring, samt motivere for
dette arbeidet. For å skape motivasjon, må vi også nødvendigvis vera engasjert
og interessert i lærarane si læring.
Skulane i Vågå har dei
to siste åra hatt stort fokus på IKT som eit naturleg arbeidsreiskap i det
daglege arbeidet til både elevar og lærarar. Alle elevane ved Vågå ungdomsskule
har kvar sin PC som dei skal bruke på skulen og til heimearbeid. Vi har mellom
anna teke i bruk OneNote som er ein form for digitale ringpermar, og det har
kome interaktive tavler i alle klasserom. OneNote gjer det mogleg å opprette og
arbeide i digitale ringpermar. Desse permane kan ein også dele med andre etter
behov for å til dømes dele informasjon, samskrive i dokument og levere inn
oppgåver. Her kan også mellom anna lærarane leggje ut lydfilar til elevane, skrive
eller lese inn kommentarar til innleveringar og legge ut instruksjonsvideoar
for å til dømes vise konstruksjonar i matematikk.
For å kunne nytte
OneNote måtte både lærarar og elevar ha ein del opplæring. Hjå oss vart dette gjort
både gjennom å hyre inn ekstern ekspertise, lære opp enkeltpersonar på eigen
skule som skulle rettleie og hjelpe dei andre og ved å bruke ein del fellesmøte
og planleggingsdagar til opplæring i OneNote og bruk av dei nye tavlene. Det
skulle vise seg at kanskje den største utfordringa her, var å halde oppe
motivasjonen for å bruke dette over tid, da det har vore, og framleis er, ein
del tekniske utfordringar som har ført til mange frustrasjonar og mykje
tidsbruk for å få ting til å fungere. Det har teke mykje lenger tid enn
forventa å få ein del av dei nødvendige tekniske løysingane på plass. Noko som
vel heller ikkje er noko ukjent fenomen!
Når det gjeld innføring
av omfattande bruk av IKT i skulen, er det noko det er delte meiningar om i
samfunnet. Alt frå dei som helsar det velkomen og meiner dette er ein naturleg
del av utviklinga vi ser ellers i samfunnet, til dei som meiner at alle PC-ar i
skulen for det meste burde vore innelåst i eit skåp. I dette spenningsfeltet mellom optimisme og skepsis med hensyn til
teknologiens plass i utdanningen skal skoleeiere og skoleledere omsette den
ambisiøse utdanningspolitikken til praksis. (Andreassen, Irgens og Skaalvik,
2009, side 71/72)
For å få til dette, har
vi i leiinga måtta legge til rette for innlæring av ny kunnskap, organisere
aktivitetar som fremjar læring og hente inn ekstern ekspertise ved behov,
mellom anna PedConsult. Vi har hatt
fokus på å både støtte, utfordre og
involvere oss i dette utviklingsarbeidet. Dette går på det som Anne Berit
Emstad prata om i sitt foredrag på 4. samling – å integrere teori og praksis.
(Emstad, Ledelse for læring,
26.03.14) Denne innføringa av IKT ved vår skule, har vore så omfattande at det
har medført at vi også dels har måtta tenke nytt når det gjeld undervisnings-
og læringspraksis. Noko som nok også har vore utfordrande for mange av lærarane
sitt pedagogiske grunnsyn. Både på grunn av kanskje manglande tru på at
teknologien kjem elevane si læring til gode, og manglande innsikt i korleis ein
kan utnytte teknologiens pedagogiske potensial. Forsking viser at elevane sitt
læringsutbytte ved bruk av IKT er avhengig av at ein utnyttar potensialet til
teknologien i læringsprosessar som til dømes legg vekt på konkretisering,
kreativitet og produksjon. (Andreassen, Irgens, Skaalvik, 2009, s.73)
I ein slik prosess, er
det heller ikkje nok at det blir sett av nok tid og ressursar. Lærarane må også
ha ein vilje til å lære. Det opplever eg at dei har hatt i dette arbeidet ved
vår skule, sjølv om det sjølvsagt har variert kor raskt eller seint den enkelte
har fått teke dette i bruk på ulike område i undervisninga. Det å få hjelp av
«mer kompetente andre» har vore ein viktig faktor i denne læringsprosessen. Mer kompetente andre kan i denne
sammenhengen være kolleger, eksterne lærere eller andre ressurspersoner.
(Postholm, 2012, s. 44) I ein studie nederlandske forskarar har gjort, viser
funn at lærerne opplever det å
eksperimentere i egen praksis, å reflektere over egen praksis og å få ideer fra
andre som læringsfremmende aktiviteter. (Postholm, 2012, s.30) Dette
stemmer godt med erfaringar vi har gjort i dette utviklingsarbeidet ved vår
skule. Mellom anna opplevde vi det som nyttig å bruke ein heil planleggingsdag
der kollegiet var delt i tre grupper og vi hadde tre stasjonar alle gruppene
skulle innom. Her fekk dei ei stutt innføring i tre utvalte emne av kollegaer
som meistra det godt og fekk praktisk prøve det ut i ei mindre gruppe. Det å
lage permar og organisere dei, bruk av Lync og dei nye tavlene var ferdigheiter alle fekk prøvd seg på i
løpet av dagen.
I denne prosessen har
det vist seg å vera viktig å ha felles visjonar om korleis vi vil ha det, og ha tålmod og forståing for at vi tileignar oss
nye ferdigheiter i ulikt tempo. Samstundes har det også vore viktig at leiinga
har ytt eit visst press, slik at dei som synest dette var veldig utfordrande
ikkje fekk bli verande i komfortsona for lenge utan å koma i gang. Ein må prøve
for å oppleve meistring, og med meistring aukar truleg motivasjonen for å prøve
ut og bruke dette verktyet på fleire måtar. Målet er å stadig vera i prosess!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar